DOS Disk Operative System
Opprinneleg var DOS eit operativsystem for å handtera
korleis data vart lagra på diskettar og harddiskar.
Kort om DOS og DOS kommandoer.
MS-DOS er det operativsystemet som blir lasta
når du startar en standard IBM-kompatbel PC
(386,486,Pentium). Dei aller fleste går vidare
til Windows uten å være i nærheten av DOS.
Ein kan og utføra
DOS-kommandoar fra et DOS-vindu under Windows,
Windows95 og Windows 2000 (XP).
MS-DOS er kommandolinje styrt, det betyr at ein
skriv inn kommandoane ein
vil ha gjennomført til det vi kallar prompten. Ein
vanlig DOS prompt viser oss kva stasjon vi er på,
og i kva katalog vi står i.
F.eks.:
c:\dos
Dette seier oss at vi er
på den lokale harddisken (C:) og at vi er i katalogen dos.
For å se kva filer som
ligger i ein katalog skriv vi DIR, da vil
ein få en liste av
alle filene som ligg i katalogen. Dersom det er
fleire filer enn
skjermen kan visa, skriv ein
DIR /P, for å stoppa listinga
Start av program i DOS.
Det er 3 typar filer som
kan startas direkte fra prompten, det er filer
med endingane.
exe, com og bat.
Det er da mogleg å skriva
navnet på fila slik at programmet blir køyrt,
f.eks.: vi har ei fil som heiter
STAT.EXE. Vi startar programmet med berre
å skrive STAT, utan endinga exe
.
Døme
på DOS (kommando)-vindu.