Nettverk
Forrige Startsiden Opp Neste

 

Stian

 

HUB

 

Ein hub er ein gjentakar med fleire enn to kabeltiknytingar. Signala som kjem inn på eine kabelen, blir sende ut att på alle dei andre kablane. Signala blir forsterka opp att og reinska for støy før dei blir sende vidare. I samband med ethernett gjeld same avgrensingane på segmentlengder som på vanlege gjentakarar. Fordelen er at ein kan kople saman fleire segment i eitt punkt utan fleire gjentakarhopp. Det er fleire utgåver av hubar, og talet på typen portar varierer. Dermed kan ein bruke hubar i lokalnett med koaksikabel og busstopologi, i lokalnett med UTP og stjernetopologi og i lokalnett med fiber.

 

 

 

 

SVITSJ

 

D-Link Standalone Ethernet Switch (24 Port)Det finst mange variantar av svitsjar. I lokalnettsamanheng er svitsj ein spesiell type hub men eigenskapar på linje med ei bru. Datarammer som blir sende frå ei maskin inn til svitsjen, blir berre sende vidare ut på sambandet til mottakaren og ikkje til nokon andre. Alle nodane som er kopla til ein port får ei eiga MAC-adresse. For å skilje kollisjonsdomene logisk benyttar svitsjen ein MAC-tabell for kvar port. Tabellen oppdaterast dynamisk ved å registrere MAC-adressa til porten, kor avsendaren befinner seg. Registreringa skjer automatisk når ei datamaskin sender data.

 

 I ein vanleg hub blir dataramma send til alle sambanda.

Ein svitsj reduserer dermed svært mykje av trafikkmengda i nettet og gir samla sett høgare kapasitet. Svitsjar kjem etter kvart til å erstatte enkle hubar.

 

Vi har og svitsjar som kan programmerast. Denne typen svitsj blir kalla ein L2 svitsj, fordi den kan handtere MAC adresser, som tilsvarer lag 2 i OSI-modellen. Dei har muligheita til å stenge MAC – adresser. Dette kan du også gjør på routeren, men der kan du og stenge IP-adresser.

 


2 bilder som viser hovudforskjellen på hub og svitsj.

 

 

 

 

 



 


 

Router

 

 Den primære oppgåva for rutaren er å finne «vegen» fram til dit pakka skal, dvs. til det andre lokalnettet. Pakka kan evt. gå gjennom fleire rutarar på veg til målet.

 

Datapakkene som skal overførast på internettet må utstyrast med naudsynleg tilleggsinformasjon slik at rutaren kan ta avgjerder om kva for pakker som skal ut av lokalnettet, og i kva retning dei skal sendast. For Internett blir denne ekstra informasjonen handtert på IP-laget. Men i td. Novell-nett må ein òg dirigere trafikken på tilsvarande vis. Då snakkar ein om IPX-laget.

 

På same måten som i PC-ane må òg rutaren innehalde kommunikasjonskort for eksempel typen Ethernet-kort. I tillegg må det finnast programvare på rutaren som kan ta avgjerder som har med rutinga av datapakkene å gjere.

 

I figuren under er det vist eit eksempel der tre lokalnett er kopla saman via ein rutar. (I lokalnett kan ein òg nytte ein svitsj til å kople saman nett, men då er det berre snakk om å kopiere datarammer frå eit lokalnettsegment til eit anna.)

 

 

 

 

   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lokalnett A, router, lokalnett B og lokalnett C.

På forrige bilde

figuren over er det nytta Ethernet, dvs. den same nett-teknologien i alle dei tre lokalnetta. Det inneber at Ethernet-rammer blir nytta på begge sidene av rutaren.

Ei Ethernet-ramme som blir send ut på lokalnett A kan berre hentast inn av ein stasjon som er knytt til A, altså av ein av PC-ane eller av rutaren. Men når pakka først er komen inn til rutaren, ligg for så vidt vegen open vidare, så sant det ligg føre nok informasjon inne i Ethernet-ramma om kor pakka skal rutast.

 

Rutaren si oppgåve er å avgjere neste strekning som datapakka skal sendast. Dersom den endelege mottakarstasjonen er på det same lokalnettet som rutaren, er det greitt. Då er det berre å sende pakka direkte. Dersom pakka skal til eit fjernt nettverk, må ho sendast vidare til neste rutar, som i sin tur sender henne vidare, osb. Altså det vi kallar for ruting.

 

Rutarane inneheld spesiell programvare slik at rutingsfunksjonen kan utførast effektivt. Rutarane er òg sette opp med rutingstabellar som i kombinasjon med «header»-feltet (hovudet) i datapakka blir nytta når rutaren skal avgjere i kva retning dei einskilde pakkene skal sendast.

 

 

Lagdeling

 

For å forstå korleis rutinga går føre seg, må vi sjå på kommunikasjonen ut frå ein lagdelt modell der kvart lag har si definerte oppgåve. Det nye laget skal vi inntil vidare kalle rutar-laget. (I Internett-samanheng kallar ein det IP-laget, og i Novell-nett for IPX-laget.) Dette laget ligg over sjølve det fysiske nettet og lenkjelaget, og har til oppgåve å finne den ruta som datapakker må følgje for å nå fram til mottakarmaskina.

 

Laget under rutarlaget er lenkjelaget, og det har til oppgåve å «setje» rammer ut på kabelen, og «hente» rammer inn frå kabelen. Lenkjelaget har med drivar-programvare og kommunikasjonskortet å gjere, og mekanismane på dette nivået varierer alt etter kva slags nett-teknologi som blir nytta, td. Ethernet, Token Ring, osb.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rutarlaget skal derimot vere uavhengig av den aktuelle nett-teknologien som er nytta. Rutaren si oppgåve er å rute pakker, og det er val som kan gjerast uavhengig av nett-teknologien, som på si side har som einaste oppgåve å føre fram datapakkene over lokalnett/serieline frå ein stasjon til ein annan.