RAM
Forrige Startsiden Opp Neste

 

Knut Inge

Knut Inge.

Introduksjon

 

Datamaskinen brukar minst to typar "hukommelse". Langtidsminne og arbeidsminne. Ein finn også minne på skjermkort og andre enkelte komponentar. Langtidsminnet er foreksempel ein harddisk, eller ein annan lagring som tilsvarar denne. (diskettar, tape, CD, DVD og andre slike medier.) Arbeidsminnet er ein form for hukommelse som bare virkar når datamaskinen er skrudd på. Dette kallar me RAM (Random Access Memory.) og det er i dette minnet alt føregår. Så snart du skrur av datamaskinen forsvinner alt som var i RAM og du mister data, så sant du ikkje har hugset å ta ein kopi av det og skrive det til harddisken (lagre). Difor kan du risikere at om du sitt å skriv ønskelista til julenissen, å er komen til den femte sida, og straumen går, så kan det hende at heile ønskelista di er forsvunne når straumen er tilbake å du skrur på datamaskinen din igjen.

 

Random Access Memory (RAM) er den aller vanlegaste formen for arbeidsminne i moderne datamaskinar. Me kallar dette for "random access" fordi programma kan gå direkte til einkvar minneadresse, så sant det veit kva rad og kolonne det er snakk om. Skjeringspunktet for raden å kolonnen er adressa. Det motsette av RAM, er SAM. (Serial Access Memory) der cellene i minnebrikka må adresserest i rekkefølje, akkurat som ein spele av eit lydband. Dersom dataen du trenger ikkje ligge i den første minneplassen vil systemet fortsette å søke framover gjennom plassane ein å ein fram til det finner rett stad. Denne typen minne egnar seg bare dersom ein veit at data som skrivast, skal lesast i samme rekkefølje.  Videokort / Skjermkort kan nytta SAM, sidan det benyttast i dei såkalla ”texture buffer” på desse korta.

 

Det er to hovudtypar innan RAM også. Desse er:

 

·    Statisk RAM, denne type RAM held på alt som vert skrive til minnebrikka, så lenge datamaskinen står på. SRAM er mykje dyrare enn DRAM , men til gjengjeld mykje raskare. Slikt RAM som dette nyttast til cache minne.

·    Dynamisk RAM, eller DRAM. Dette er den vanlegaste typen RAM og den treng ikkje bare straum for å holde på det som vert skrevet, den må heile tida oppfriskast ved at minne leses og skrivest på nytt.

 


 

Kva er eigentlig RAM?

 

Kvar gang du startar datamaskinen, eit program, opnar eit dokument, spele av ei musikkfil eller liknande, så vil alle filene som er involvert bli kopiert frå harddisken og til RAM. Dette kallar me å lasta noko til, eller lasta inn i RAM. Det er difor det står på programvare pakkar, spel eller liknande – kor mykje RAM som krevjast for å køyre det programmet. Jo større filene er (programmet), dess meir RAM treng du for at det skal få plass i arbeidsminnet.

Dess meir RAM ein har i datamaskinen sin, dess større program og større filer kan ein arbeide med samtidig. RAM vert oppgitt i megabyte (MB) og typiske heimedatamaskiner eller datamaskiner som vert brukt på kontor har 128MB RAM no tildags. Det er heller ikkje uvanleg med 256MB RAM no tildags då kravet for arbeidsminne bare aukar å aukar med åra som går. Dette er på grunn av operativsystem og liknande. Folk som bygger datamaskiner sjølv har ofte opp til 1024MB RAM i arbeidsstasjonane sine. Kor mykje RAM ein kan ha i datamaskinen sin er avhengig av kva hovudkort og BIOS ein har. Det er ikkje bare å kjøpe RAM, å setje det inn. Det finnest mange forskjellige typar.

 

Kva type RAM skal eg ha?

 

Minne finnest i mange forskjellige typar, konfigurasjonar, fysisk-former, hastighetar. Om ein skal ha SIMM, DIMM eller RIMM. Kor mange pinnar skal det vere på brikkene. Skal det vere med eller utan paritet. Skal ein ha EDO eller ECC RAM.

 

SDRAM (168-pin)

 

Det er to hovudgrunnleggande RAM typar ein får kjøpt i våre dagar. SDRAM (Synkron Dynamisk RAM) og RDRAM (Rambus Dynamisk RAM). Deretter finnest det tre typar SDRAM som ikkje er kompatible med kvarandre, og alle typane er i bruk omkring i verden i varierande grad. Kva RAM du skal kjøpe til ein datamaskin avhenger av kva type hovudkort ein har og korleis det er laga reint fysisk. Det avhenger av RAM sockets.

De fleste maskiner no til dags brukar 168-pins SDRAM DIMM moduler (Dual Inline Memory Modules), mens litt eldre pentium baserte system, og nyare 486 system brukar 72-pins SIMM moduler. (Single Inline Memory Modules). Endo eldre datamaskinar, heilt tilbake til 286 system, brukte 30-pins SIMM. RAM moduler er som regel 2-3cm brede, og 8-10cm lange. Dei er ganske lette å kjenna igjen dersom ein skrur opp kabinettet sitt for å sjå inni maskinen. Antalle ”pins” vil eigentlig seie kor mange kontaktar det er på RAM modulen. Desse kontakt punktane er enten laga av tinn eller gull. Men ettersom at tinn er mykje mindre edelt enn gull, så har produsentar valt å gå vekk ifrå å produsere minne modular i tinn. Dette har dei valt å gjere på grunn av at dei vil unngå korrosjon (rust). Difor i vår tid nå, så er alle minne moduler laga produsert med gull kontaktflate.

 

168-pins DIMM

 

Ein får kjøpt DIMM moduler i mange størrelsar. Frå 64MB til 1024MB. (Det aukar i dobling -> 64MB -> 128MB ->256MB osv.)

 

72-pins DIMM

 

Er det noko meir ein må hugse på?

 

Det er ganske mangen punkt ein bør sjekke, før ein kjøper RAM, avhengig av hovudkort type.

 

·                    Hastighet på RAM.

·                    SDRAM (Synkron Dynamiske RAM, finnest kun som DIMM moduler)

·                    EDO (Extended Data Out RAM)

·                    FPM (Fast Page Mode)

·                    DRAM (Dynamisk RAM, finnest både i SIMM og DIMM moduler.)

·                    Paritet RAM.(Sjekker å retter på feil)

 

Dei fleste typar hovudkort er bygd opp så ein bare kan velja ein type RAM. Men det finnest hovudkort ein kan bruke 72-pins og 168-pins RAM, så då må ein velga kva type ein vil ha. RAM vil aldri vere raskare enn det hovudkortet klarar.

 

Nyare typar RAM

 

RDRAM (Rambus)

 

Det største problemet i dag, er at prosessorane har blitt så mykje raskara, at RAM ikkje klarer å gjøre jobben like raskt som prosessoren. Dette er ein grunn til at produsentane kjempe for å få laget raskare RAM. RDRAM (Rambus) er så raskt at det ikkje har behov for cacheminne. Ein må ha hovudkort med Rambus kontroller, å prosessor som er tilstrekkeligt rask i forhald. Ein detalj som kan skille utsjånad på RDRAM fra DIMM, er at det er ein "heat sink" eller kjølekappe, utanpå brikkene. Dette er fordi dei produserar meir varme, som er viktig å lede bort. Kommer i RIMM moduler (Rambus Inline Memory Module)

 

 


 

DDR SDRAM

 

DDR SDRAM (Double Data Rate SDRAM)

Dobbelt så rask som vanleg SDRAM

Ikkje kompatibel med eldre systemer, hovudkortet må være bygd for dette.

184-pins sokklar.

 

 

SODIMM RAM

 

SODIMM (Small Outline Dual Inline Memory Module)

Laptop RAM. Små brikker som er til bruk i bærbare datamaskiner.

144 pinner / kontakter.

Apple iMac brukar SODIMM istadenfor vanleg DIMM.

 

 

 


 

Kor mykje RAM treng ein eigentlig

 

Dette er vanskelig å sei, og varierer på kva programmer du brukar.

 

·                    Windows 95: 8 MB

·                    Windows NT 4: 16 - 32 MB

·                    Windows 98: 16 MB

·                    Windows ME: 32 MB

·                    Windows 2000: 64 MB

·                    Windows XP: 128 MB.

 

Dette er minimumskrav til desse operativsystema. Dersom du bruker fotobehandlingsprogram eller videoredigering så burde ein vel kanskje tenkje på å dobble denne mengden fleire gangar. Dersom ein er glad i å spele spill, så går det greit med 64 MB. Men maskinen sluker glatt 256 MB også, om det er tilgjengeligt.

 

Kva skjer om det ikkje er nok RAM

 

Dersom det ikkje er nok RAM til å kjøre ein applikasjon, så kan det hende du rett å slett ikkje får kjøre den.

For å unngå dette, kan datamaskinen swappe. Dette vil sei, filer som har vært opne lenge, utan å vore i bruk, blir fjernet fra RAM og lagdt i ein swap-fil på harddisken. Dersom ein byrjar å arbeide med den igjen, så blir den igjen flytta til RAM.

 

Kva får ein kjøpt RAM

 

RAM får ein handla både i vanlege databutikkar, og på internett butikkar.

Komplett (http://www.komplett.no) er ein forhandlar som fører dei fleste typar RAM for bestilling.